måndag 2. august 2010

Bildekaos



Denne helga har eg vore i barndomsheime min å rydda i rotet mitt.
Fekk klar beskjed med mor mi å kome å ta det eg skulle ha,
resten blir kasta.
Her er eit bilete av meg og barndomsvenninna mi, Synnøve,
tannlause og søte som få ;)
Guro, lisjesystra mi, sit i bakgrunnen og var sikkert ikkje tannlaus enno,
og måtte dermed vente med å bli fotografert!

Eg elskar digitale kamera, men eg likte igrunnen betre då eg tok bilete analogt.
Knips - framkall - lime i album.
Litt meir arbeid no.

Eg skulle ønske eg var flinkare å styre med bilete.
At eg:

  1. ikkje tok så utruleg mange bilete av ein ting.
  2. overførte til fotoknudsen.no med ein gong!
  3. framkalla meir enn to gongar i året.
  4. har overskudd til å lage koselege albumar som eg gjorde før.
  5. TEK MEG SAMAN! ;)
Ein dag, når borna er litt eldre, så kanskje eg får tid?
Eller ikkje....

No er kvardagen snart tilbake, kanskje eg får tid då?
Eller ikkje...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts with Thumbnails