torsdag 19. august 2010

Nokre interiøryndlingar i heimen!


Gamal, falleferdig kasse til olje og diverse på kjøkkenbenken.
Kjøpt på bruktbutikken ved Åse sjukehus, huskar ikkje kva den heiter ;)



EI av emaljeboksene mine, denne brukar eg til te.
Kjøpt i Istanbul! Då eg pakka den ut av kofferten sa svigermor:
"Åh! Det er makan til den mamma og pappa hadde kaffe i heime før"

Eg tenkte; den kan no ikkje vere MAKAN, denne har eg faktisk kjøpt i Istanbul.
Men ja, den var makan :)



Tavla mi kjøpt hjå tante Brun på Moa.
Ein kvardagsreddar. Når noko er tomt og eg
MÅ hugse å handle det, skriv eg det med ein gong på tavla!



Min nye søte, søte bambi! Ho har brokke beina fleire gongar,
men med godt doktorarbeid er ho fin som ny!

Bilete av Malimora i bakgrunnen, sukk!

Ei av dei grøne plantene mine.

Òg ei anna emaljeboks kjøpt i Istanbul.



Sølvkatten som mannen min fekk i dåpsgåve, i forgrunnen.
Og ikkje minst kjøt&pelskatten min, Elle, som solar seg i kveldssola ;)

Nokre favorittar frå meg til deg.

Ha ein fin kveld!

No skal eg ete omelett som Gardemann har laga til oss!

1 kommentar:

  1. Hei Søte deg :)

    ..Det var jo noen fantastisk koselige og generøse ord du la igjen på bloggen min. Ble jo helt rørt jeg..
    TUSEN TAKK.
    Og koselig at du likte repotasjen i Kamille. På mandag da det er offisielt ute i butikkene kommer det en blogg om den, men får liksom ikke lov til å si noe før det er ute i butikkhyllene. Det betyr også at jeg faktisk IKKE har sett den..Og jeg holder på å "dø" av nysjerrighet..hahahha.
    Gleder meg masse til å se den :)

    Masse lykke til med planene dine, er kjempe spennende.

    Klem Ida Susanne

    SvarSlett

Related Posts with Thumbnails