fredag 19. november 2010

Etterlengta helg ♥

Ja, denne helga er etterlengta!! Eg og mannen min skal nemleg på julebord til Geiranger, frå laurdag til søndag. Bestemor til småtrolla skal då ta vår stad i huset. I den anledning har eg støvsuga *ler*, og då vart fristelsen for stor og eg berre måtte ommøblere. No ligg Elle og nyt kveldsroa.


Ho kryssa sikkert kløa, saman med meg, for at roa skal vare ei stund denne kvelden. Lisjemora vår har kava i over to-tre veker med å sovne på kvelden, men kanskje i kveld blir det annaleis?


Dette er endå ein grunn til at denne helga er etterlengta. Få sove ei heil natt ♥ Har ein smule dårleg samvit for mor mi, som då ikkje får sove ei heil natt, men ho seier at vi skal kose oss og ikkje tenke på dei. Det skal vi prøve! No skal eg pakke ferdig og kose meg!


Gler meg til eit døgn på hotell! Masasje, god mat, godt lag og god søvn ♥

Ha ein fredeleg fredagskveld og sov godt!

♥klem♥

 

2 kommentarer:

  1. Å for en nydelig vakker pus du har!!!
    Min lille Birmapus finner de varmeste punktene på gulvene hvor vi har varmekabler, og ligger strak ut hele dagen.

    Høres deilig ut med et døgn på hotell!
    Jeg gleder meg til juleferien. Jobber i ungdomsskolen jeg også:)

    Kos deg i helgen!

    SvarSlett
  2. Skjønne bilder:)Korr fint det vart med ommøbleringa!Pus har iallefall funne seg til rette:)
    Høyrest herlig ut med eit hotelbesøk.Må berre nyte....

    Klem
    mette

    SvarSlett

Related Posts with Thumbnails