torsdag 10. februar 2011

Pizzaelskarar...

Både husbonden og eg er det, pizzaelskarar.
Dersom eg måtte velje ein middag for resten av livet,
hadde det sikkert vore pizza.

Her ein kveld for eit år sidan, sånn ca,
hadde eg så lyst på noko.
Du veit det noko du har lyst på, men aldri kjem fram til kva det noko er.
Og til slutt er du kvalm for du har ete alt.
Og ingenting av alt var det noko?
Du veit det noko?

Den kvelden hadde eg ein kyllingfilet og litt baconreastar i kjøleskapet.
Eg laga ein minipizzabotn.
Smørte han med tomatpurè og tacosaus.
Ost.
Lauk.
Kvitlauk (VIKTIG!).
Paprika.
Kyllingfilet.
Bacon.
Tomat.
Pepperskinke.
Og oregano på toppen.

Ein litt reste- og det du har i kjøleskapetpizza.
Det vart ein slik slager at denne lagar vi ofte!


Ein rest her....


...og ein rest der.


*NAM* seier pizzaelskarane!

Dersom du har nokre råvarerestar, ta vare på dei og sjå kva for ein pizza du kan lage.
No fekk eg jammen lyst på denne,
men skal ete litt havrefras og lese eit kappitel i "Foreldre og fagfolk".
Det skal vere forskjel på kvardag og helg!

Etter lesinga skal eg drøyme meg vekk i Mr.Salvatore brødrene ♥
Ja, eg er akkurat som ein 14-åring.

God kveld!

♥klem♥

1 kommentar:

  1. Var no svolta frå før, men no!!!!!Såg kjempegodt ut Hanne:)Vert aldri lei pizza her i huset heller.
    Restepizza var ein SUPER ide ☺
    Litt seint no, so eit knekkebrød får duge...sukk!

    Klem Mette.

    SvarSlett

Related Posts with Thumbnails