Morsdagen er over og eg meinar at eg fekk sol i gåve.
I tillegg til eit fantastisk søtt kort frå småtroll 1, som han har
farga i barnehagen ♥
Kan eg be om meir?
Å få sol i gåve vil seie at sola endeleg har kome høgt nok på himlen til å nå hagen vår!
Jippi!
No kan vi bade i sol og snart bade i havet!
Vi laga tacosuppe til middag.
Og eg hadde god hjelp.
La barna hjelpe til å lage mat.
Her i huset skjer småtroll 1 diverse grønsaker med smørekniv.
Til og med avokadoen hadde han delt i to!
"Adotado!!!"
Høyrde eg.
Med gledesstemme.
Slik fistelstemme.
Som går oppover i tonefall.
*ler*
Han var veldig glad for å ha fått skjert den i to ♥
Har du hatt sol på morsdagen?
Kva har du ete til middag?
Ha ein fin søndagskveld
♥klem♥
Hei Hanne:)
SvarSlettOm det ikkje er sol i dag,var det kjærkomne dagar med blå himmel og sol vi hadde♥
Herlege ute-bilder du viser!!!!
Og flinke go`guten da, som hjelper til på kjøkkenet:)
Ha ein fin dag!!!!
Klem frå Mette.
Herlig med sol og hjemmelaget kort;) Godt at det blir lysere;)
SvarSlett