onsdag 31. august 2011

Mamma vs. pappa!

På folkemunne går det som mammadalt og pappadalt.
Eg seier det sjølv,
men eg likar igrunnen ikkje orda.

Det er lov å foretrekke den eine over den andre,
utan at det er feil.
Vi kan ikkje bestemme at dei små skal like alle eller begge like mykje.
Men det kan såre når du er den som ikkje blir foretrukke.

Småtroll 1 foretrekk pappa.
Det sårar meg...av og til...medan andre tider er det avslappande.
Pappaen synest ofte synd på meg,
men andre tider synest han det er travelt, og synest då ikkje synd på meg.



Gjett om han skal verte akkurat som pappa når han blir mann;
"Når eg blir mann heiter eg Gard"

Pappaen er på kurs i nokre dagar.
Nesten krise når småtroll 1 skulle leggast.
Det er jammen ikkje lett å skilje mellom kjenslene i ein alder av 3 år.
Det var mykje overtaling og snakking for å distrahere denne kvelden.

Samtalen etter han var klar til senga gjekk nesten som dette her:

"Pappa skal legge meg"

"Pappa er ikkje heime, men han kjem om nokre dagar og då kan han legge deg"

"Du får ikkje vere med. Du får ikkje lov! Eg er sint på pappa. Eg har au i magen. Eg er sjuk i magen."

"Det er lov å vere lei seg og grine, men du treng ikkje å verte sint. Eg kan trøste deg og veit du? Vi kan leite fram eit bilete av deg og pappa som du kan ta med i senga."

" NEI!"

" Her skal eg sjå kva eg finn"

Mykje fliring og snakking om rare bilete, heilt til vi finn det rette...eller dei to rette.
Bileta vart kasta to gongar på golvet, men etter han låg i senga med bileta ved siden av seg, vart eg kasta ut av rommet med ein gong.

"Eg elskar deg, storegullet mitt, og sov godt"
"NEI!"

*sukk*

Han sovna på eit blunk.
Eg hørte ikkje eit ord etter at eg gjekk.

Pappa kjem snart heim.
Vi gler oss alle til det.
Vi elskar deg!

Foretrekk dine småtroll mamma eller pappa?

♥klem Hanne♥


6 kommentarer:

  1. Med ein mann som ha vore mykje vekke, har vel ungane vore pappadalt kvar gong dei ikkje fekk lov til noko av meg ...
    Men til vanlig har det vore ganske jamnt fordelt med mamma-/ pappadalting, slik at vi har fått kjent litt på begge sidene begge to ...
    Så vert det ganske annleis når dei vert større og ikkje er verken mamma- eller pappadalt :)

    SvarSlett
  2. Pappadalt og mormordalt her i huse! Men det e kanskje ikkje so rart, for ej e liksom tilgjengeli heile tida so da ekje det so spessielt... Men, men veit no at han e glade i mej sjølom han sei at han e leide ta mej av og til, og vil bytte mej ut (når han ikkje fe det slik han vil... :)

    Therese

    SvarSlett
  3. Vi har ei lita tulle som er mammadalt med stor M! Jeg må innrømme at jeg synes det er utrolig koselig og vil absolutt ikke bli nedgradert til 2 plass som Mr Sweet Chili;) Men det snur jo så fort med slike små så kanskje en dag er det min tur til å være nr. 2... :) Ha en fin dag!

    Ps! Sminkebordet ditt under her var sååå fint!

    SvarSlett
  4. Den kjenner jeg til. Noen ganger er det for vise hvor tøff de er, noen ganger for å irritere og noen ganger ubevisst, men den kosen man ellers får med ungene er det ingen tvil at de elsker deg alt på jord! ;)Og den kosen må vi omfavne...vet aldri når den skal ta slutt. Alex er heldigvis fortsatt kosete på en alder av 10, men ingen klemming offentlig og hvertfall ikke på skolen ;-) he-he!

    Ha en super dag videre! :)

    klem

    SvarSlett
  5. Foreløpig er vel begge litt mammadalter, rett og slett fordi de er mest vant til meg, tror jeg. Pappaen er mye borte. Antar at jeg blir degradert når litenbror blir større og vil bli akkurat som pappa... he he...
    Er sikker på at det vil føles leit å ikke bli foretrukket...men sånn er det jo bare av og til...
    Ha ei fin helg!
    Klem
    Lise

    SvarSlett
  6. Jeg har ingen småtroll enda, så det vil tiden vise ♥

    SvarSlett

Related Posts with Thumbnails