fredag 5. august 2011

Tusen takk ♥

Tusen takk alle saman!
Eg har fått mange kjekke og oppmuntrande kommentarar på sist innlegg.
Både her på bloggen og på facebook.
Eg er veldig glad inni meg no ♥

For å vere heilt klar:
Eg var ikkje lei meg fordi "dei store" bloggarane ikkje har snusa fram min blogg.
Eg lurte berre på om nokon hadde glede av den i det heile?
Andre enn meg ;)
Det viser det seg at det er!!
Då får eg ny giv til å blogge vidare.
Det var alt.
Takk alle saman!
Eg var glad for kvar og ein kommentar!


I dag fekk vi pakkar.


Ikkje mindre enn to!
Ein frå panduro og ein frå H&M.
Småtrolla var like glad som meg.



Dei ruska ut og storkosa seg.



No har eg fleire gåveband,
 som blir kjekke å ha saman med gråpapir.



Fleire lappar òg.
Eg gler meg til å pakke noko!!
Eg har pakka ein pakke i dag,
men det var retur til H&M ;)
Driv ikkje å pyntar den.

Eg elskar H&M.
Både småtrolla og eg har komplett haustgarderobe no.



Så har eg hatt koseleg besøk i dag.
Ein kollega kom innom for kaffi.
Medan vi sat ute kom ei stor fluge og landa rett i kaffien.
Vi flira bra godt!
Sjå kor flott ho landa i skummet.

Håper du får ei fin helg.
Så får vi krysse fingrane for at varmen vi har hatt siste veka skal halde seg lenger.

Og atter ein gong:
Takk for all oppmoding og gode ord!


♥klem Hanne♥



5 kommentarer:

  1. Da har iallefall jeg oppdaget den koselige bloggen din ;)
    Har lest meg nedover nå og legger meg til som følger, for her kommer jeg tilbake ;)
    Lykke til videre.
    GOD HELG til deg og dine forresten!
    Klem May Helen

    SvarSlett
  2. Hei kjære du:) Jeg fikk ikke kommentert det forrige innlegget da jeg ofte leser blogger på Iphonen og det er litt vanskelig å legge igjen lengre kommetarer med den... Men jeg liker bloggen din veldig godt og titter stadig innom deg. Så kjære du,- fortsett med å blogge. Jeg setter pris på bloggen DIN!!! Vi trenger både store og små bloggere og du fyller din med ting jeg setter ekstra stor pris på (som interiør, dyr og barn og mye, mye mer!).

    Ønsker deg en riktig så fin helg!

    Varm klem fra Pernille

    SvarSlett
  3. Tenke: "å so søtt, ho he fått et hjerte i kaffi sin" leste vidare...
    åååå ja, va visst ei fluge *flaut smil*

    Synst d e kjempe kjekt at du he bjynt å blogge igjen :)

    Ha en fin fin dag

    Klem klem

    SvarSlett
  4. Ej synst vi skal begynt å pynte på pakkane vi sende innatt t HM, teeeeenk kor glade dei blir dei so teke i mot dei kjedelige pakkane kvar gong da! :D

    SvarSlett
  5. Såg ut som ei veldig kjekk panduro kasse ;) Sei fra en gong du vil ha lag då, så kan vi få med Monica og scrappe :) Ej elska hausti <3
    Klæm Mariann

    SvarSlett

Related Posts with Thumbnails