laurdag 8. oktober 2011

30 minutts luftetur = haustpynt

...I dag satsa eg på å bli ferdig å måle nede.
Eg er godt i gong, og hadde måla i 3 timar då husbonden måtte på utrykkning.
Då skifta eg frå målekle til kosekle og laga ferdig tacoen.
Eg og småtrolla åt og kosa oss.

Etter maten var begge dei to små leie av dagen.
Småtroll 1 uttrykte det i tulling.
Småtroll 2 uttrykte det i grining.
DÅ er det berre å hive seg i ytterdressane og gå ut.
For så berre i 30 minutt.


Vi kosa oss.




Etter vi hadde sparka ball og reia( å reie = å huske),
plukka vi litt raude bær.
Fylte dei i trillebåra og trilla dei bak huset.




Eg har ofte ståande ulike glas ute.
Småtrolla fekk eit kvar og pynta med raude bær.




Dette var veldig kjekt!




Deretter blei dei plasserte på bordet vårt.
Dette bordet står ute heile året.




Vi har tak over litt av plattingen bak huset.
Der har et sett ein gamal stol,
slik at dei to kattane våre kan sove godt når det regnar og bles ute.




Eg flytta ut ein skuffeseksjon i sommar.
Den brukar eg til å ordne planter.
I skuffene har vi alt frå lekakuler til sykkelhjelmar.




Det var sol, men kaldt.
Heldigvis ikkje regn.
Det har hølja ned i snart to veker!




Her ser du nokre lykter som eg kjøpte i Istanbul i 2007.





Småtroll 2 hadde lyst å leike med bæra heile tida.
Men den får prøve å vere litt pynt.




Eg synest det blei flott!!




Vi tok med litt på framsida og pynta på verandaen òg.




Der har kome litt haustplanter.




Spor etter bæra fann vi overalt.




Arva skilt av svigermor.
Sidan vi kjøpte huset, sa ho det kunne henge der.




Men du er velkomen inn!




Litt bær på kransa.




Inne stod tacoen fortsatt på bordet.




Kattane kosa seg!




Sjølv om småtroll 2 reiv og sleit i øyra.




Og ville dei skulle ligge saman med både det eine og andre.
Dei berre gjespa og sov vidare.

No skal eg måle vidare....kanskje eg blir ferdig,
eller kanskje eg må måle litt i morgon òg?

Kva har du og dine ete til middag i dag??

God laurdag til deg!

Klem Hanne


6 kommentarer:

  1. So koseli dokke he d Hanne :)
    Vi me ha taco i dag.

    Oline sin kommentar til bilde ta nå Ludvik (?) so jespa:
    Ojj... ei løve mamma ;)

    Ha en fin fin laurdagskveld :)

    SvarSlett
  2. Alltid kjekt å gå ut en tur:) Tror du får ta deg en Oslotur jeg;)

    SvarSlett
  3. Fint med raude bær - koseleg tur ut.
    Skal stikke ut med noko snadder neste gong eg bakar - sikker 'a better bet' enn at Gard skal lage noko slikt. Han er flink i mykje, men...
    Vi har hatt krabbe og reke til middag - nydla godt. Eg hadde tenkt på noko med karbonadedeig, men kidsa hadde soooo lyst på krabbe. Hadde heldigvis klo i frysaren - sikker vinnar.

    SvarSlett
  4. Koselege utebilder:)Vart veldig fint med dei raude bæra i glasa!So søtt med vesla i raud hue som so vidt stikk over bordet,der ho studerer glaset...minner meg litt om "Putte`s eventyr i blåbærskogen":)
    Stilig det skiltet som dåkke fekk av svigermora di;)

    Ha ein fin søndag Hanne♥
    KLem frå Mette.

    SvarSlett
  5. herlige bilder! koselig stemning..
    klem!

    SvarSlett
  6. Herlige høstbilder!! :) Ha en fin uke ♥

    SvarSlett

Related Posts with Thumbnails