onsdag 23. november 2011

Elsk&hat-forhold til vaskerommet...

Vaskerommet vårt er òg entrè.
Eg elskar det.
Eg hatar det.


 

 
Eg sat på golvet og tok biletet.
Rett til høgre for meg er ytterdøra.
Når du kjem inn svingar du til høgre og du er på vaskerommet.
Der set vi frå oss sko og heng ytterkle.


Det er ca 3 kvadratmeter.
Ikkje stort.



Men vi har plass til sko.
Vi har plass til vask.
Vi har plass til skitneklesdunkar.



Vi har plass til mange knaggar for å henge opp ytterkle.
Eg har planar å få teksta:
Reduce. Reuse. Recycle.
på vindauget.
Med tid og stunder...

 


Vi har plass til meir sko (i skuffa).
Vi har plass til resirkulering av glas, batteri og lyspærer.
Òg vi har ei tom boks!
Vi har plass til vaskemiddel og bruksanvisningar i skåpet over boksane,
som du ikkje ser på biletet.



Vi har plass til å tørke kle.

 
 
Vi har plass til å tørke sko.
Her ser du småtroll 1 som berre måtte tørke tørre sko.
Det er populært å skru på knappen.
 
Vaskerommet er lite.
Difor hatar eg det.
Difor elskar eg det òg.
Ein liksom halde orden.
 
Vaskerommet er òg entre.
Difor hatar eg det.
Difor elskar eg det òg.
Då er det alltid tilgjengeleg
 og eg kan styre med kle medan eg passar på middagen.
 
 
 


Kva forhold har du til vaskerommet ditt?

I dag skal eg på kurs i lesing ved høgskulen i Volda.
Då skal eg leike student :)
Studentlivet var ei god tid!!

Snart helg...atter ein gong!

-Hanne-

1 kommentar:

  1. Jeg merker at jeg blir helt fortapt i måten du skriver, herlig innlegg!:)
    Jeg har vel også et hat-elsk-forhold til vaskerommet som også er et av badene våre.
    Tusen takk for koselig kommentar, stor stas med nye følgere!:)
    Ha en flott kveld!
    Klem fra Kristin

    SvarSlett

Related Posts with Thumbnails