onsdag 2. november 2011

Fantastisk å fylle 30 år!

I dag har eg vorte 30 år.
Eg har hatt ein fantastisk dag.





Med husbonden (les: eg kjøpte den frå han til meg sjølv i sommar,
og den har vore innepakka i kjellaren sidan) fekk eg Roberts radio.
I AKKURAT den fargen eg ønskte meg !!
Han kjenner meg bra godt!

Teikningar frå småtrolla + småtroll 1 song "happy birthday to youl" (Ikkje tastefeil, han song youl).

Eg opna kort frå mamma og pappa.
Mamma er på sjø i Skottland.
Pappa er på sjø i Danmark.
Kortet sa:
"She had just read so much about the ageing effects of both chocolate and alcohol that she immediately decided to give up reading"
*ler* MHM!
Så hadde mamma dikta til meg.
Eg elska det!
Dei var sakna i dag.


Då eg kom på jobb var der ballongar på arbeidsplassen min.
På veg til klasserommet var gangen tom for elevar.
Mistanken om overrasking kom smygande.




Dei song. Dei hadde laga krone. Dei hadde baka, ikkje mindre enn to kaker og muffins.
Dei hadde til og med forhøyrt seg med kollegar kva kake eg likte best (sjokolade!).
Dei hadde kjøpt blomar. Dei hadde kjøpt te.
Dei hadde kjøpt sinkskilt med teksta "Warning! Desperate hoswife".
Er eg ikkje heldig!!??





Eg følte meg majestetisk...litt ruskete dronning, men akk!




Så kom eg heim.
Ordna til familien skulle kome.
Gryterett og kaker.




Kake med 30 lys.
Det var spanande for dei minste.



Eg fekk fire bukettar med blomar.
FIRE!




Eg fekk scrappa kort frå nevøen min!
Flott, kva?

Eg fekk nok pengar til både ei regnkåpe
(har ikkje bestemt meg for kva for ei eg skal kjøpe, så har du forslag så kom med det!)
og lommepengar til NYC!!

No er eg kaputt.
Kaputt etter ein fantastisk dag!
Fanfreakingtastic!!!

Har du fylt 30?

Klem frå Hanne!






6 kommentarer:

  1. Gratulerer så masse med 30-års dagen til deg!
    Høres ut som ei fin feiring:)

    Og ja, jeg har fylt 30. For... *kremt* noen år siden;-)

    Ha en fortsatt fin bursdag,
    Hanne:)

    SvarSlett
  2. Gratulerer med 30 år`s dagen Hanne!!!!
    Kjempefin Roberts radio:)Flinke,snille mannen...
    Nydeleg bukett og kort.Og ikkje minst mottakelsen du fekk på skulen!Rørande♥
    Høyrest ut som ein flott dag:)

    Ja,har nok passert 30;)40 next!!!!

    Nattaklem frå Mette.

    SvarSlett
  3. Gratulerer masse med 30 års dagen!
    Høres ut som du har hatt en kjempefin dag, og virkelig blitt skjemt bort.
    Akkurat som man skal på bursdagen sin...

    Hilsen Kathrine(som har ett par år igjen til det O`store 30 tallet)

    SvarSlett
  4. Hipp hurra for deg Hanne! Å bli 30 er ikke så værst ikke sant;)

    Klem, Pernille

    SvarSlett
  5. Gratulerer så mye med dagen! :)

    SvarSlett
  6. Skulle gjerne ha fylt 30 år flere ganger. Syns det var "overdådig" å fylle det året! :)Å bikke over 30 derimot, da snakkes vi! :S

    Ha en flott feiring i helga! :D

    klem

    SvarSlett

Related Posts with Thumbnails