søndag 11. desember 2011

Julemenn i boks!

Det er ikkje mykje eg bakar til jul.
I år er fyrste året vi bakar julemenn her i huset!




Skulle igrunnen bake saman med småtroll 1...og kanskje småtroll 2.
Men småtroll 1 har overnatta med bestemor (pappa si mamma, som han seier).
Det resulterte i at eg baka dei då småtroll 2 sov.

Meir effektivt.
Ikkje så koseleg,
men roleg.
Ingen skjenning.
Lite eting.




Mindre roting,
men kveitemjøl havna i ansiktet uansett.
Korleis går det seg til??




Eg halverte deiga.
Orka ikkje så mykje.
Dei er ikkje storetarar heller,
men om nokre år blir det nok andre bollar.




Desse kjekke boksane kjøpte eg på Clas Ohlson.
Eg likar både fargane og trykka.


Desember er snart halvvegs.
Før vi veit ordet av det er vi 2012!

Kva har du i boks?

-Hanne-


3 kommentarer:

  1. Koseleg:) Har lite i boks, og slik pleier det vera.. Men har endeleg laga meg lister, så eg håpar eg kjem i hamn til jul, i alle fall med det viktigaste:) Ha ein fin sundag vidare!

    SvarSlett
  2. julemenn?
    er det det som vi kaller kakemenn tro??
    ser slik ut!
    her bakes det ikke mye! kun pepperkaker og kakemenn, og sistnevnte elsker jeg -bare derfor!

    :)

    SvarSlett
  3. Ingen kaker i boks, men julemanna må vi ha:) Fikk en oppskrift i pakkekalenderen jeg vant og den tenkte jeg å prøve i år. Så håper jeg at det blir før jul, hvis ikke blir det etterpå!

    Det er ingen som vil være med lenger her, så jeg har kosa meg med juleforberedelser på egen hånd i år:) Går fint det også - og så kan jeg gjøre det når jeg selv har tid og lyst:)

    Fortsat fin advent til deg,
    god klem:)

    SvarSlett

Related Posts with Thumbnails