tysdag 25. januar 2011

Bollar i omnen

Det er tysdag kveld. Begge småtrolla søv og eg heiv meg rundt å laga ei bolledeig. Ikkje det at eg har for vane å bake i vekedagane, men i går kveld hadde eg innmari lyst på bollar og hadde berre nokre aniskringlerestar (kallar det restar når det er slike småsmular småtroll 1 har baka). Når småtroll 2 sov og småtroll 1 var kome i senga, var klokka 19:33. DÅ tenkte eg at eg rakk å hive saman deiga før One Tree Hill starta. Og det gjorde eg. No skal eg snart bake dei ut, slik dei kan heve seg medan eg ser TV. Då får eg ferske bollar til Greys...JIPPI!! Eg er glad eg ikkje tenkte meg meir om enn eg gjorde tidlegare. Hadde eg tenkt to sekund vidare hadde eg havna på sofaen, utan bolledeig!




♥kveldsro♥


Planta si framtid ser ikkje lys ut, men den får litt meir tid.

God kveld!

♥klem♥

3 kommentarer:

  1. Bollar i omnen, du :)
    Eit uttrykk som passa godt til humoren i går, ivertfall!
    Har du fritime i morgon?

    Ha ein god kveld, eg kom akkurat heim frå jobb.
    Og i dag har eg og Hogne laga oss ny seng:)

    SvarSlett
  2. Hei igjen Hanne:)

    Ja,svar og send gjerne vidare til 3 stk. Eller mindre?! Veit ikkje heilt reglane, visst der er reglar???
    Hmmm, nytt for meg også:)

    Kos dåkke med bollar i ovnen ☺

    Klem Mette.

    SvarSlett
  3. Hihi, det er sant det der... Å ikke tenke seg så godt om kan ofte ende i noe godt! :)

    SvarSlett

Related Posts with Thumbnails