torsdag 27. januar 2011

Fantasi og smoothie

Tida mellom middag og barnetv kan fyllast med så mangt.
Vi har både gyngeelg og gyngehest...


...med bein og alt. Men medan vi sat på vaskerommet etter middag, alle fire pluss dei to på fire ;) Då fann småtroll 1 ut at loket til skitnekleskorga var hesten hans. Så han rei att og fram medan han ville eg skulle klappe trav. På andre sida av meg sat småtroll 2, prata med alle skona og flira av storebroren. Rett bak småtroll 2 sat trollmannen med kvar av trollkattane og skulle få litt orden på vinterpelsen.

Det var litt av eit leven,
men ein hærleg førbarnetvaktivitet.
Alle var i godt humør,
utanom kattane! *ler*



No har eg lyst på smoothie,
men desse bileta er frå i går...
Kanskje eg må seie til trollmannen at i dag er det han sin tur?
Kanskje det vil fungere?



Elle kosar seg i alle fall ♥


♥klem♥

1 kommentar:

  1. Hei Hanne:)

    Artig å lese svara dine under her;)

    Kos deg med smoothie...(som sikkert er fortært allereide) og god helg♥

    Klems Mette.

    SvarSlett

Related Posts with Thumbnails